Her kan du sjå kor driftige og dyktige verksemder og einskilde aktørar vi har. Har du tips til andre som bør få omtale- send ein melding!
Syse Glas – glasblåsar med verkstad på Handelslaget i Ulvik sentrum
Då Handelslaget opna i august 2015 opna samstundes den opne verkstaden til den einaste glasblåsaren i regionen. Silje Syse er utdanna glasblåsar med allereie lang erfaring. Ho er frå Ulvik og har nå etablert seg i heimbygda med eiga verksemd som drivar med produksjon, sal og kurs tilbod. Eg spurde henne korleis oppstartinga har vore og kva som var mest overraskande etter opning:
-Eg er litt overraska, og veldig glad, for at responsen til no har vore utelukkande positiv. Eg hadde førebudd meg på ei og anna negativ tilbakemelding, men det har uteblitt.
Nå er turistsesongen på hell, korleis har det vore, og kva tenkjer du nå?
-Turistsesongen har vore spanande. Når det har vore Cruisebåtar i bygda har Handelslaget vore fullt av turistar. Det har vore litt spesielt å vera ein turistattraksjon og ha 15 stk sitjande og stirra på meg mens eg jobbar, men eg set og stor pris på fascinasjonen for faget. Me har hatt turistblåsing to gonger, der cruiseturistar, og andre, har fått blåst sine eigne glaskuler. Det har vore veldig kjekt.
Kva kan man oppleve hjå deg?
Hjå meg kan ein sjå glasblåsing på nært hald. Om du bestiller eit glas, kan du sjå ditt eige glas verta blåst. Kvar fredag fram til jol er det fredagsblåsing på Handelslaget. Då kan kven som helst komme innom og blåse sitt eige glas. I tillegg dukkar det opp ein og annan laurdag med same tilbod. Eg held nok fram med eit liknande tilbod etter jol og. Eg kan og ta imot mindre grupper for arrangement med glasblåsing, matlaging og servering på kveldstid. Opplegget er under utvikling og me har nett testa kombinasjonen glasblåsing og scampi-grilling.

Å vere grunder og bli sjølvstendig næringsdrivande krevjar mot og engasjement. Korleis tenker du nå- etter det har gått seg litt til?
-Eg har innsett at skiljet mellom naiv og modig er hårfint. Det er nok ein fordel å vera litt naiv, elles hadde eg ikkje tord å satsa. For eg har jo faktisk satsa ALT. Heldigvis har eg foreldre som er like modige(/naive) som meg og som har hjelpt meg utruleg mykje. Det er ei ubeskriveleg kjensle å arbeide i sin eigen verkstad. Eg er veldig glad for at eg gjennomførte, men det vil nok ta litt tid før det kjennes som det har gått seg skikkeleg til og at eg er i mål.
Korleis er plasseringa på Handelslaget og samarbeidet der?
-Handelslaget er ein framifrå arbeidsplass. Til no har samarbeidet vore knirkefritt og utfordringar vert takla etter kvart som dei dukkar opp. Eg trur og me vil få til eit spanande kreativt samarbeid. Mange idear har alt vore til lufting. Det er svært praktisk å ha utsal i Handelslaget som er ope sjølv om eg ikkje er på plass. Salstala frå før opning og salstala frå etter opning er svært ulike.
Då ynskjer vi Syse Glas og Silje tillukka og oppmodar alle fjern og nær til å stikke innom å sjå på verkstaden. For meir info klikk her for å komme til Handelslagets sin FB side.