Sniglar og torgdag

Torgdagen 3. oktober 2015 var i strålande ver og god stemning. Snigel-bake-konkurranse vinnaren blei desse to vakre sniglane frå Adrian og Ine Børsheim som lagde kanelbollar i god Cittaslow ånd.

Lions Ulvik sin årlege loppemarknad trakk besøkjande frå fjernt og nært, og det var lang kø ved døra lenge før opning!

Lokaleråvarer, frukt og grønt, glasblåsing og sal på Handelslaget, bygdekvinnelagets berømte sveler og ikkje minst Fruktsleppet på alle gardane gav eit fabelaktig dag i Ulvik i Hardanger.

Cittaslow Årsmøte

Diplom Ulvik 1 low resolution
Overrekking av diplom frå ordførar i Cittaslow kommunen Falköping i Sverige Conny Johansson

Årsmøte for Nordisk Cittaslow ble avholdt i Ulvik i dag der vi fikk overlevert diplom og offisielt flagg frå Italia. Delegasjonen frå Cittaslow Norden inkluderte to av dei andre kommunane i Noreg, Eidskog og Sokndal, i tillegg til Falköping i Sverige, Svendborg og Mariagerfjord i Danmark, Kristinestad i Finland og Djúpavogshreppur på Island. Ulvik er nå blitt «ordførande» for Nordisk Cittaslow nettverket for 2015/16. Dette inneberer å være sekretariat, men er også et startskot til mobiliseringa lokalt her i bygda! Trykk på denne link til artikkel i Avisa Hordaland.

Conny Hans Petter low res 1
Ordførar i Ulvik Hans Petter Thorbjørnsen og ordførar i Falköping Conny Johansson.

Nå skal Cittaslowrådet i Ulvik opprettas. Idrottslaget, ungdomsrådet, næringslivet, landsbruksorganisajonene, kulturlivet, og politikarane skal inviterast inn til ein oppstarts-dialog om korleis denne skal organiserast.

Falköping kommune i Sverige har gjort en formidabel og beundringsverdig arbeid med sosial inkudering i Cittaslow kommunen. Sjå disse fantastiske små videoene Falkøping Kommune har laget for å vise den lokale ansvar de tar i en global verden her på denne link.

Ulvik er rik på lokal identitet stolthet og tradisjon. Det har dei siste daganes visit frå delegasjonen minnet oss om. Frå lokale produsentar og fokus på gastronomi, til eit gjenoppstått Mylna, grøn kompetanse og omfattande frivillighet og inkludering som Ulvik arbeider med, synar eit spenn av mangfold, inkludering og entrepenørskap som er gull verdt.

Vi skal løfte kvarandre. Vi skal ha eit bærekraftig utvikling der vi ivaretar dei unge, omsorg, og setter verdiskaping og det gode liv i fokus. For meir informasjon om Cittaslow, trykk på Cittaslow fanen øvst på denne sida!

Etablererkurs i Hardanger

HARDANGERRÅDET HELD KURS FOR ETABLERAREN HAUSTEN 2015

IMG_0105

Tenkjer du på å starta di eiga verksemd? Har du allereie starta opp, men vil læra meir om mellom anna budsjett, marknadsføring og rekneskap? Då har du høve til å melda deg på kurs i Norheimsund!

*For å få hjelp til å utarbeida ein eigen forretningsplan vil det vera lønsamt å melda seg på heile kursrekkja

Prisar:

Pris grunnkurs:                             kr.1 200

Kurs 5 undervisningstimar:          kr. 500

Kurs 3 undervisningstimar:          kr. 300

Kurshaldar:

Tone Søgaard

Påmeldingsfrist:

Grunnkurs:           19. oktober

Andre kurs:          1 veke før kurset startar opp

Informasjon og påmelding:

Epost: tone@handalag.no Tlf: 915 53 338

Dato Kurs Tid
24. og 25. oktober Grunnkurs for etableraren

–         kva må til ?

–         innføring i forretningsplanen

10.00 – 16.00
1.november Sal og marknadsføring

–         innføring

–         arbeid med eiga bedrift

09.00 – 12.00
1.november Budsjettarbeidet

–         investering

–         finansieringsplan

–         driftsbudsjett

–         likviditetsbudsjett

12.15 – 17.00
15.november Prising – av produkt og tenester 09.00 – 12.00
15.november Budsjettarbeid i praksis;

– arbeid og gjennomgang av eigne budsjett

12.15 – 17.00
22.november Sentrale økonomiske omgrep

Kva fortel balansen ?

10.00 – 13.00
22.november Forstå rekneskapen

Enkel rekneskapsanalyse

13.15 – 16.00

 

KURSOMTALE:

 

  • Grunnkurs for etablerarar, 12 undervisingstimar.

Kurset tek sikte på å vera med på å klargjera om etablering av eiga bedrift er det kursdeltakarane vil (”skal, skal ikkje”). Drøfting i høve kva føresetnader som må vera til stades og gjennomgang av forretningsplanen.

  • Kurs i sal og marknadsføring, 3 undervisningstimar.
  • Gjennomgang av ulike analyseverktøy, marknadsføring og salsaktivitetar, samt arbeid med eiga bedrift.
  • Kurs i budsjettarbeid, 5 undervisningstimar
  • Kurset tek sikte på å gje ei grunnleggande forståing av ulike budsjett og dei økonomiske omgrep som budsjettarbeid er tufta på. Det vert ei gjennomgang av investeringsbudsjett me tilhøyrande finansieringsplan, driftsbudsjett og likviditetsbudsjett.
  • Prising av produkt og tenester, 3 undervisningstimar
  • Kva er rett pris ? Kurset tek utgangspunkt i budsjett og kostnadskalkyler og drøftar marknad,- og konkurrentanalyser som verktøy for prissetting.
  • Kurs i praktisk budsjettarbeid, 5 undervisningstimar.

Kurset føreset at deltakarane har kjennskap til økonomiske omgrep som budsjettarbeid er tufta på. Deltakarane skal gjennom kurset arbeida med eigne budsjett. Budsjettarbeida vil i etterkant verta drøfta i fellesskap, der ein fokuserer på ulike problemstillingar samt føretek ei grundig analyse av budsjetta.

  • Sentrale økonomiske omgrep, kva fortel balansen? 3 undervisningstimar.

Kurset tek sikte på å gjera deltakarane kjende med, og forstå, sentrale bedriftsøkonomiske omgrep, til bruk i kostnads- og inntektsanalyser. Vidare vil kurset drøfta balansen, kva fortel den, og korleis verkar driftsresultat og andre økonomiske disponeringar inn på denne.

  • Forstå rekneskapen, enkel rekneskapsanalyse, 3 undervisningstimar.

Korleis heng budsjett, rekneskap og balanse saman ? Kva fortel rekneskapen ? Korleis nyttar ein rekneskapen m/avvik for å betra budsjettarbeidet ? Kurset tek sikte på å gjera deltakarane kjende med, og kunna nytta rekneskapen som analyseverktøy.