Cittaslow Nordic Network

Cittaslow Nordic Nettverk hadde arbeidsmøte 3.mars i Cittaslow Levanger.  Dei ni medlemmene i det nordiske Cittaslow nettverket er kommunane Svendborg og Mariagerfjord frå Danmark, Djuppavogur frå Island, Kristinestad frå Finland, Falkjøping frå Sverige og Eidskog, Levanger, Sokndal og Ulvik frå Noreg- som er leiar for nettverket og sekretariat fram til årsmøte i mai.

I samband med møte fekk vi oppleve og delta på den årlege Marsimartnan som er ei årleg bymarknad og fest utan like i Levanger. Nettverket var spesielt invitert av Cittaslowrådet ved ordførar Robert Svarva og leiar av rådet Atle Busch. Nettverket fekk smake på det gode liv i Levanger.

Cittaslow Levanger er kjent som trehusbyen. Dei har særs god kompetanse og erfaring i resturering av bygg og gamle handverkstradisjoner. Levanger og dei omkringliggjande kommunene ligg i Innherred- som er sagt å være Norges største matfat. Lokal produksjon og foredling står høgt i regionen. Det klarte dei å bevise!

Det Nordiske Rådet, Cittaslowrådet i Levanger og formannskapet besøkte bl.a. den økologiske garden til familien Støre på Støre Gard. Her har dei spesialisert seg i økologisk drift, mjølkeproduksjon og aktivt dyrking av nye korn og belgfruktsorter. Dei har ei helhetleg tilnærming og omtanke for folk og fe, mat og miljø.

I tillegg til besøk hjå Håkon Fiskvik på Munkeby Herberge som tilbyr overnatting og særdeles god mat til gjennomreisande pilgrimer på veg til Nidaros. Munkebyosten produseres rett ved siden av og er et produkt av møtet mellom norsk mjølk og tradisjonell kunnskap hos cisterciensermunkene i Munkeby Mariakloster.

Fokus på psykisk helse i Ulvik

 

Det private helseføretaket Incita AS drivar med recoverybasert psykiatrisk behandling i Hurdal. Dei var i Ulvik i mars og vitja bygda. Dei hadde ein rundvisning med ordførar og bygde- og næringsutviklar rundt i bygda for å finne måter Ulvik kunne være ein stad for ein ny senter. Formannskapet og helse- og omsorgs ansvarlige i heradet fekk presentasjn og dialog med verksemda oppe på Kvemmadokkje på kvelden.

psykiatrisk ulvik

Frå Avisa Hordaland 9.3.17

Bygdekvinnelaget i Ulvik 85 år

Ulvik bygdekvinnelag feira 85-års jubileum 20.februar 2017. Den blei feira ein dag på overtid den 21. februar i Elvatun. Nesten 30 damer møtte opp for å feira laget. Bygde- og næringsutviklar frå heradet innleia med å fortelle om Cittaslow satsinga til Ulvik og korleis desse verdiane skal brukes aktivt som verktøy for berekraftig lokal samfunnsutvikliing. Tidligare leiar Margunn Hauso fulgte opp med å gjenfortelle historien til laget frå oppstart i 1932 av Anetta Hjeltnes. Den orginale målsettinga til Ulvik Bondekvinnelag lyder lød slikt:

“Fyrst og fremst skulde ein arbeida for og fremja kristendomen i heim og skule, og elles skulde ein arbeida for betre barneuppseding og betre matlaging, t.d. soleis at ein skulde bruka mest moglegt av slikt som ein kunde avla på garden. Og ein skulde freista og gjera seg meir og meir sjølvhjelpen både med klær og kost”

Anno 2017 driver laget med eit mangfald av aktivitetar og arrangemant. Både for barn, unge og voksne. Laget har eit bredt spekter av kompetanse og erfaringar.  Gratulerer!

Bu og jobbe i vakre Ulvik?

Har du vurdert å flytte heim til Hardanger eller snuser du på å flytte ut i distriktet?

Ulvik herad har no fleire ledige stillingar:

  • rådmann
  • Kommunalsjef / einingsleiar helse- og omsorg
  • Einingsleiar, barnehage
  • Assisterande rektor
  • Fastlege
  • Rådgjevar – landbruk
  • Lærarstillingar

Ulvik er ein kommune i vakre Hardanger, berre 40 minutt frå Voss og 2 timar frå Bergen. Ulvik er høgfjellet med Finse og “bylivet” på 1222m over havet. Det er fjorden med yrande båtliv, grøne bakkar og gjestar som kjem langvegs frå.. Det er også Olav H. Haugesenteret me har for dokumentasjon av diktinga hans. Me har eigen poesifestival annakvart år, og elles både sommarfestival, bluesweekend og Finsejazz. Lokalt har me eiga Frukt- og Siderrute, og mange unge som no etablerer seg i det tradisjonelle landbruket og vidareforedling.

Ulvik er mangfaldet. Me har innbyggjarar frå mange land, mellom dei 1130 innbyggjarane våre er det omlag 20 nasjonalitetar. Sidan 2014 har me fått 28 nye innbyggjarar frå Syria. I 2015 vart Ulvik eigen Cittaslow kommune, og i 2016 vart me vennskapsby med Greve-in-Chianti. Snigelen er symbolet for Cittaslow bevegelsen, og lokal forankring og bærekraftig utvikling er viktige verdiar innafor Cittaslow. Her har vi sterk fokus på innbyggjarmedverknad og aktive lag og organisasjonar. Ulvik herad er største arbeidsplassen i kommunen med omlag 180 tilsette.
Meir informasjon om Ulvik og fullstendige lysingar for kvar stilling
finn du på heimesida vår www.ulvik.kommune.no – stillingar.
Ta gjerne kontakt med referansepersonane om du ynskjer meir informasjon.

For informasjon om å bu og flytte til Ulvik og Hardanger, ta gjerne kontakt med ordførar Hans Petter Thorbjørnsen, bygde- og næringsutviklar Natalia eller sjå på Flytt til Hardanger sine heimesider!

Velkomne til Ulvik!

Hardingtinget og visjonar for framtida

“Saman er me sterkast i Hardanger. “Dette var ein enige om etter at alle formannskapa i Hardanger var samla på Hardingtinget i Odda.

Hardingtinget hadde møte 17.februar på Meieriet i Odda. Fokus for dagen var samarbeidsprosjektar, framtidsvy og felles visjonar. Vår felles identitet og våre felles mål er viktig å bruka til å styrkja regionen vår. Alle ønskjer eit sterkare og betre Hardanger. I lag må me finna felles satsingar alle ønskjer å prioritera. Felles prioriteringar som turisme, lokalmat, folketalsvekst var nemnt i dei fleste gruppene.

Team Hardanger, som er alle nærings- og samfunnsutviklarane i Hardanger kommunane, sto som ansvarleg for dagen. Sjå link for presentasjonar.

Meieriet Kulturhus er i det ombygde Meieriet i Odda og eit eit særdeles godt døme på omstilling, nyskaping og satsingar på nytt liv i gamle bygg i regionen.

 

bilde-fra-hardingtinget

Venskapsavtale signert med Greve i Chianti

Venskapsavtalen mellom Ulvik og Greve er nå signert!

Hardanger har ei utvekslingshistorie med Greve-i-Chianti i Italia som starta allereie i 2009. Fokuset då var på mat og utveksling av lokal matkultur gjennom eit prosjektet til Hardangerrådet. Saman med Hardangerrådet reiste fleire produsentar frå Hardanger og Ulvik til Greve-i-Chianti i Toscana i Italia og delte norske matopplevingar og tradisjonar. Dei utveksla erfaringar og historier med lokale produsentar. Slow Food organisasjonen i Hardanger er særs aktiv og har spelt ei avgjerande rolle for utviklinga.

Hardangerkonferansen 2010 hadde tittelen ”Det internasjonale Hardanger” der Hardangerrådet inviterte dåverande ordførar i Greve-i-Chianti til å fortelja om sitt arbeid og engasjement for sin by. Saman med turistsjef Alessandra Molletti var dei oppteken av Slow Food og Cittaslow, og ynskja å knyta band til regionen. I 2011 gjennomførte Hardangerrådet ved Team Hardanger prosjektet «Hardanger i Greve in Chianti». Då var småskalaprodusentar med for å servera Hardangerprodukt i Italia.

Oktober 2014 reiste ein delegasjon frå Ulvik til Greve-i-Chianti. Delegasjonen var samansett av ordførar, formannskapet, representantar frå lokalt næringsliv, og administrasjon. Ulvik blei sertifisert i Cittaslow nettverket i april 2015 og deltok på den årlege internasjonale årsmøte (General Assembly) som blei halden i byen Abbiatograsso i Italia i juni 2015. Saman med leiaren av Slow Food Hardanger møtte ordførar og administrasjon igjen ordførar i Greve-i-Chianti. Det blei avtalt besøk hjå kvarandre og vidare dialog kring å formalisere samarbeidet og vennskapsbyinnhaldet. Ein delegasjon på seks frå Greve var i Ulvik 29.september – 3. oktober for å signere. Delegasjonen besto av bl.a. ordførar Paulo Sattori, turistsjef Alessandro Molletti, kulturbyråd Lorenzo Lotti og ansvarleg for søsterbyavtaler i Greve Flavia Affortunati.

Kvifor ei venskapsavtale?

Ulvik og Greve ynskjer saman å arbeida for og betre innbyggaranes livskvalitet, auka fokus på matproduksjon og nyskaping og samstundes ivareta naturen og miljøet rundt oss.

Fordela og intensjonane med ei søsterby avtale er mange. Vennebyer verden over er eit glimrende høve til å dele av erfaringar, kulturer og forvaltnings praksiser. Dei så kalte “Gode Døme”.

Samarbeidet er i tråd med Ulviks vedtak og godkjenning som Cittaslow medlem. Det er mogleg å bruka nettverket og samarbeidet slik at det gagnar dei to stadane ved å utveksla røynsler, kulturar og prosjekt.

Det viser seg at det offentlege internasjonale samarbeidet ofte er døropnarar for næringslivet. Hardanger står i mykje same situasjonen som Toscana var for 20 år sidan: fråflytting og næringstørke. Dei har teke grep som har snudd utviklinga, mellom anna ved å få nytt liv inn att i dei mange små vingardane som var til nedfalls. Dei har også heisa opp den regionale kulturen og reiselivet som eigne satsingsområde, og suksessen er stor. Toscana er Europa si vogge, seier dei der. Greve by og Chianti som område har skapt seg ny framtid gjennom t.d. felles merkevare som ”den svarte hanen”. Me har også merkevare Hardanger, og Ulvik har mange moglegheiter her.

  1. Denne vennskapsby-avtalen er ein levande samarbeidsavtale mellom dei to lokalsamfunna GREVE IN CHIANTI (Italia) og ULVIK I HARDANGER (Norge).
    Det skal vera tydelege fokusområde, strategiske målsetjingar og utvekslingar
    basert på kompetanse og røynsler. Desse skal resultera i årlege arrangement/
    utvekslingar både fysisk og i form av annan kommunikasjon gjennom andre media.
    Dette er for å sikra at avtalen er ein aktiv, positiv reiskap til lokal samfunnsutvikling
    i både Greve og Ulvik.
  2. Vennskapet har som mål å forsterka innbyggarane sin livskvalitet, auka
    medverknad og deltaking, samt forsterka internasjonal solidaritet og medvit .
    Samarbeidet skal vidare stimulera til entreprenørskap, nyskaping og utvikling,
    på same tid som me forvaltar naturen og miljøet rundt oss på berekraftig vis.
  3. Ved å formalisera eit samarbeid og vennskap innan Cittaslow-nettverket,
    vil ULVIK og GREVE aktivt bruka Cittaslow og Slow Food-rørsla som ein
    reiskap for lokal og regional utvikling, dele våre gode døme og skapa nye saman.
  4. Både Greve og Ulvik er del av ein større regionsdestinasjon. Desse regionane
    er kulturlandskap kjende for lokal produksjon og sterke kulturidentitar.
    Natur, agro-turisme, landbruk, kultur og kulturlandskapet dannar grunnlaget
    for både besøkjande og fastbuande. Denne innovative koplinga mellom gardsbruk,
    produsent og reiseliv fremjar den identiteten og dei tradisjonane me begge
    deler og som me kan bruka som utgangspunkt for å læra av kvarandre.
  5. Begge vennskapsbyane er ansvarlege for å halda kommunikasjonen og dialogen
    mellom oss aktiv og levande.

Cittaslowråd Ulvik er konstituert!

 

IMG_0230

Cittaslowrådet i Ulvik er nå konstituert! Rådet er det uavhengige  bindeleddet mellom innbyggjarane og heradet båe administrativt og politisk.  Rådet, som består av 11 medlemmar,  er bredt samansett og inkludera frivillige lag/ organisasjonar, kultur, skule, politisk representasjon, næringslivet og ungdomsrådet. Frå heradet er bygde- og næringsutviklar sekretariat og ordførar stiller.

Allereie frå fyrste møte har rådet sendt fråsegn på ynskje om å oppretta UngJobb i Ulvik; eit sommarjobb tilbod til unge, og har bestilt strategiar for båe å minske matvinn, ungdoms-/eldre utveksling og utarbeiding av sertifiserings kriterier for alle i Ulvik som vil bli godkjend Cittaslow. Dette er særs viktig for at heile heradet kan ta eigarskap til snigelen. Dette er enten man driver lokal matproduksjon, er i reiselivsnæringa, er i bygg- og anleggsbransjen, drivar kafe, frivillig lag eller er kulturinstitusjon.

Nå er sniglen på veg over vegen!, som Hauge sa.

Snigelen
– av Olav H. Hauge
Snigelen skrid yver vegen
med augo på stett
han gjev svarten
i farten
berre leidi er rett