Ulvik herad, med ordførar og landbruksjef, har vore med i prosjektgruppa til Moglegheitsstudiet ved Hjeltnes Videregåandeskule. I tillegg har bygde- og næringsutiklar vore med i arbeidet med prosjektgruppa. Skuleeigar Hordaland Fylkekommune vedtok i sin skulebruksplan å gje Hjeltnes ein mogleghet å synleggjere nye berekraftige linjer og innhald, med frist til politisk handsaming nå våren 2015. Blant dei utgreide moglegheita er produksjonsskule og fagskole for Lokal Gastronomi. Siste møte i prosjektgruppa var i dag på Hyssingen Produksjonskule i Bergen. Produksjonskuler er eit lite kjend begrep her i Noreg, Hyssingen skule er eit prøveprosjekt etter modell frå Danmark. Her skal man kunne gjere det man gjorde i gamle dager når man var skuletrøytt, ta eit år til sjøs, eller ta eit arbeid som involverte å skape noko, delta i noko ekte, byggje noko. Verkstadsmoglegheitane er egentlege uendeleg, men inneber ein toppkompetent pedagog, som også kan yrket sitt og har fagbrev. Her på Hyssingen i Bergen har dei kultur-, mat og resturant-, bygg- og snekker verkstad og så kommer det ein vinylplatevalser!
Her er stikkordet- «all in». Ungdommane må lære seg eit ordentleg storjøkken standard, slik at den er gjenkjennelig når dei går ut i lære etterpå. Opphaldet er ca eit år. Dei fleste her var over 18 år, og skrivar kontrakt at dei skal møte opp og presis og delta.
EIt flott opplegg som det er stadig behov for, når fråfallet i den vidaregåande skulen auker i heiel landet.


