Har du vurdert å flytte heim til Hardanger eller snuser du på å flytte ut i distriktet?
Ulvik herad har no fleire ledige stillingar:
- rådmann
- Kommunalsjef / einingsleiar helse- og omsorg
- Einingsleiar, barnehage
- Assisterande rektor
- Fastlege
- Rådgjevar – landbruk
- Lærarstillingar
Ulvik er ein kommune i vakre Hardanger, berre 40 minutt frå Voss og 2 timar frå Bergen. Ulvik er høgfjellet med Finse og “bylivet” på 1222m over havet. Det er fjorden med yrande båtliv, grøne bakkar og gjestar som kjem langvegs frå.. Det er også Olav H. Haugesenteret me har for dokumentasjon av diktinga hans. Me har eigen poesifestival annakvart år, og elles både sommarfestival, bluesweekend og Finsejazz. Lokalt har me eiga Frukt- og Siderrute, og mange unge som no etablerer seg i det tradisjonelle landbruket og vidareforedling.
Ulvik er mangfaldet. Me har innbyggjarar frå mange land, mellom dei 1130 innbyggjarane våre er det omlag 20 nasjonalitetar. Sidan 2014 har me fått 28 nye innbyggjarar frå Syria. I 2015 vart Ulvik eigen Cittaslow kommune, og i 2016 vart me vennskapsby med Greve-in-Chianti. Snigelen er symbolet for Cittaslow bevegelsen, og lokal forankring og bærekraftig utvikling er viktige verdiar innafor Cittaslow. Her har vi sterk fokus på innbyggjarmedverknad og aktive lag og organisasjonar. Ulvik herad er største arbeidsplassen i kommunen med omlag 180 tilsette.
Meir informasjon om Ulvik og fullstendige lysingar for kvar stilling
finn du på heimesida vår www.ulvik.kommune.no – stillingar.
Ta gjerne kontakt med referansepersonane om du ynskjer meir informasjon.
For informasjon om å bu og flytte til Ulvik og Hardanger, ta gjerne kontakt med ordførar Hans Petter Thorbjørnsen, bygde- og næringsutviklar Natalia eller sjå på Flytt til Hardanger sine heimesider!
Velkomne til Ulvik!