Bygdekvinnelaget i Ulvik 85 år

Ulvik bygdekvinnelag feira 85-års jubileum 20.februar 2017. Den blei feira ein dag på overtid den 21. februar i Elvatun. Nesten 30 damer møtte opp for å feira laget. Bygde- og næringsutviklar frå heradet innleia med å fortelle om Cittaslow satsinga til Ulvik og korleis desse verdiane skal brukes aktivt som verktøy for berekraftig lokal samfunnsutvikliing. Tidligare leiar Margunn Hauso fulgte opp med å gjenfortelle historien til laget frå oppstart i 1932 av Anetta Hjeltnes. Den orginale målsettinga til Ulvik Bondekvinnelag lyder lød slikt:

«Fyrst og fremst skulde ein arbeida for og fremja kristendomen i heim og skule, og elles skulde ein arbeida for betre barneuppseding og betre matlaging, t.d. soleis at ein skulde bruka mest moglegt av slikt som ein kunde avla på garden. Og ein skulde freista og gjera seg meir og meir sjølvhjelpen både med klær og kost»

Anno 2017 driver laget med eit mangfald av aktivitetar og arrangemant. Både for barn, unge og voksne. Laget har eit bredt spekter av kompetanse og erfaringar.  Gratulerer!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s