Kultur for Samfunnsutvikling

Utviklingskrafta finst hjå driftige personar!

For å skape utvikling, må dei som vil arbeide for sine lokalsamfunn sleppe til. Ikkje minst er samarbeid naudsynt, særleg mellom kommunar og frivillige, mellom kommunar og kommunar og fylkeskommunar.

Kultur for samfunnsutvikling/ cultural planning
Kultur for samfunnsutvikling er ein metode for å involvera innbyggjarane, næringsdrivande, offentleg, frivillige og private interessentar i stad- og samfunnsutvikling.
Det handlar om ei brei og inkluderande kartlegging og synleggjering av Ulvik sin eigenart og ressursar.
Mål
et er ein felles tverrsektoriell visjon for utvikling av Ulvik der staden sine kulturelle ressursar, både materielle og immaterielle er sentrale. 
Kulturutvikling handlar også om samfunnsplanlegging, om å skapa føresetnader for ein heilskapeleg utvikling, i høve miljø, økonomisk, sosialt og kulturelt. Plan og bygningsloven legg føringar på korleis dette skal gjerast. Vi treng ikkje berre eit godt kulturliv, vi treng også ein kultur for samfunnsutvikling som er sektorovergripande, der harde tal og fakta vert kopla saman med sosiale og kulturelle kjenneteikn som livskvalitet, folkehelse, demokrati, rettferd, mangfald og materiell og immateriell kultur.
Innfallsvinkelen er eit overordna ynskje om meir og betre kunnskap om Ulvik som lokalsamfunn samt knyte det opp mot planar og prosessar som er på ”kartet”.
Det blir ei form for diagnostisering; kva kjenneteiknar det problemet vi ynskjer å løysa, eller lokalsamfunnet i Ulvik vi ynskjer å  utvikla?
Det sentrale spørsmålet er: Kva er Ulvik sin eigenart og kva er det som gjer folk stolte?
For å finna svaret må vi ut og kartlegga.Kulturell kartlegging er ein reiskap for systematisk å identifisera, dokumentera og gjera betre kjent eit stort omfang av lokale kulturelle ressursar. Tre hovudkomponentar fastset prosessen med kartlegging. Det er verktøya for kulturell kartlegging. Det er ein prosess med å samla inn, katalogisera, analysera og få fram essensen i informasjonen for å kunne skildra dei kulturelle ressursane, nettverk, samanhengar og mønstre som finns i eit samfunn eller ei gruppe.
Kulturell planlegging handlar ikkje om å utvikla og gjennomføra ein kulturell politikk for 
Ulvik– samfunnet. Det er i staden ei kreativ tilnærming av sambandet mellom stad, kultur og økonomi som identifiserar dei særmerkte karakteristika og spesielle med Ulvik og integrera dei inn i den lokale samfunnsutviklingsplanen.
Heradet har satt ned ein faggruppa som har prosjektansvar for å drive dette frem med eit langsiktig perspektiv.
Desse er:
Ordførar- Hans Petter Thorbjørnsen
Bygde- og næringsutviklar Natalia A. Golis
Landbruksjef- Rolf Tore Djønne
Skogbruksjef- Lars Præstin
Planavdeling John Grimeland
Kultur og næringskonsulent- Anne-Marit Lekve

Ulvik herad fekk midlar av Kommunaldepartementet til styrking av utviklingskapasitet i mindre kommunar (LUK-midlar). Hordaland fylkeskommune er inne med delfinansiering. Satsinga lokal samfunnsutvikling i kommunane har som føremål å få til utviklingskompetanse (betre kvalifikasjonar) for utvikling av eit attraktivt lokalsamfunn.

Regjeringa har som hovudmål i distrikts- og regionalpolitikken at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei ynskjer. Utvikling av interessante arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for å nå dette målet. Kommunane har ei viktig rolle i dette arbeidet og må vidareutvikle sitt engasjement  i lokal samfunnsutvikling generelt og lokal næringsutvikling spesielt. 
Regjeringa ynskjer gjennom satsinga lokal samfunnutvikling i kommunane å gje kommunane betre vilkår for å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingsarbeid.
Endå fleire kommunar må evne å gjennomføre tiltak som verkar, for å gjere sine lokalsamfunn meir attraktive.
For kontakt eller spørsmål:

Kommenter innlegget