Cittaslow i Ulvik

Ulvik herad er den fjerde godkjende kommunen i Noreg og føyer seg inn i rekkja av berekraftige kommunar i eit internasjonalt nettverk som dekkjer 25 land. Godkjenning inneber å møta kriteria til Cittaslow organisasjonen som er delt inn i desse sju hovudtema: miljø, infrastruktur, stadplanlegging, verdsetjing av lokal produksjon, gjestfridom, medvitsgjering og støtte til Slow Food aktivitetar og prosjekt.
Arbeidet med Cittaslow er forankra i heradstyret, administrasjonen og eit Cittaslowråd. Rådet vart konstituert i 2016 og er breitt samansett av representantar
frå næringsliv, reiseliv, landbruk, kultur, ungdom, lag og organisasjonar, barnehage og skule og andre med relevans for arbeidet. På Nordisk nivå har me eit Cittaslow
nettverk som består av representantar frå alle Cittaslow-stadane i Norden og Noreg. Dette nettverket møtes nokre gonger i året for å læra av kvarandre og å samarbeida om moglege felles prosjekt.

Cittaslow si historie internasjonalt
I 1986 vart slow food-rørsla grunnlagt i Italia. Dei arbeidde for å ta vare på og fremja
matkultur og det sakte, gode livet. Slow Food-rørsla vart sjølve opphavet til
Cittaslow-rørsla som vart skipa nokre år seinare, i 1999. Grunnen til at rørsla vart stifta
var retninga som utviklinga i bygder og tettstadar etter kvart hadde tatt med like fasadar, same butikk-kjeder, likt vareutval og reklame. Alt var så likt, ingen skilde seg ut. Eit av måla for rørsla er å ivareta det mangfald og særpreg som kvar kommune har, og å betra livskvaliteten til innbyggarane og å gje tilreisande gode og særeigne opplevingar. Ulvik er i dag 1 av 232 Cittaslowstadar i over 30 land verda over, og i Ulvik er vårt lokallag i Slow Food eit viktig forankringspunkt.

Kvifor bli ein Cittaslowstad?

Det er ei investering i framtid- me oppnår idealet om eit godt liv ved å roa ned og gjenoppdaga identiteten vår, våre territoria og vår lokale kultur- i den komplekse, moderne verda er det å vera sakte eit gjennomtenkt val som ber med seg varig økonomisk nytte.

Oktober 2014 reiste ein delegasjon frå Ulvik til Greve-in-Chianti. Delegasjonen var samansett av ordførar, formannskapet, representantar frå lokalt næringsliv, og administrasjon. Ulvik blei sertifisert i april 2015 og har vore leiar for det Nordiske Nettverket i to år. Siden då har vi også signert ei venskapsbyavtale med Greve-in-Chianti.

Kva er Cittaslow:

Cittaslow er det internasjonale kjenneteiknet for kommunar som tar sikte på høgast mogleg livskvalitet for sine innbyggjarar, entreprenørar og besøkjande. Ein Cittaslow kommune tek vare på livskvaliteten for sine innbyggjarar. Dette vert kombinert med å gje mykje merksemd til tradisjonar som er knytte til moderne teknikkar. Måla for Cittaslow er grunnlagd i ein solid intern solidaritet; dei framvisar sterk omtanke for miljø og sikrar at alle er klare over og medvitne sine omgjevnader. Cittaslow oppnår dette gjennom sin praktiske politikk og sine daglege gjeremål.

Visjonen til Ulvik:  Ulvik herad skal vera ein stad for mangfald, opplevingar og utvikling.

Lyst å vite meir?

Sjå link her:
Cittaslow International
Ulvik herad
Nyskaping i Ulvik på Facebook

eller ta kontakt med:
Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen
Bygde- og næringsutviklar Natalia A. Golis

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s