Ulvik ut i verda og venskapsby

 

Det vart signert avtale mellom Greve in Chianti og Ulvik 1.oktober 2016 i Ulvik. Ulvik og Greve ynskjer å samarbeida for å betra innbyggarane si livskvalitet, auka fokus på matproduksjon og nyskaping, samstundes som me ivaretek naturen og miljøet rundt oss. Fordelane og intensjonane med ein venskapsbyavtale er mange. Venebyar verda over har eit glimrande høve til å dela av erfaringar, kulturar og forvaltningspraksis. Det er mogleg å bruka nettverket og samarbeidet slik at det gagnar dei to stadane ved å utveksla røynsler, kulturar og prosjekt, til dømes gjennom utveksling.
Hardanger står i mykje same situasjon som Toscana gjorde for 20 år sidan, med fråflytting og svak næringsvekst. Dei har teke grep som har snudd utviklinga, mellom anna ved å få nytt liv i dei mange små vingardane. Dei har også løfta fram den regionale kulturen og reiselivet som eigne satsingsområde, og suksessen er stor.
I mai 2017 var ein delegasjon frå Ulvik på vårt fyrste offisielle vitjing. I tillegg til å stå på stand og å syna fram vår matkultur og folkemusikktradisjon, hadde me samtalar om konkrete utvekslingar og prosjekt me ynskjer å jobba vidare med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s