Venskapsavtale signert med Greve i Chianti

Venskapsavtalen mellom Ulvik og Greve er nå signert!

Hardanger har ei utvekslingshistorie med Greve-i-Chianti i Italia som starta allereie i 2009. Fokuset då var på mat og utveksling av lokal matkultur gjennom eit prosjektet til Hardangerrådet. Saman med Hardangerrådet reiste fleire produsentar frå Hardanger og Ulvik til Greve-i-Chianti i Toscana i Italia og delte norske matopplevingar og tradisjonar. Dei utveksla erfaringar og historier med lokale produsentar. Slow Food organisasjonen i Hardanger er særs aktiv og har spelt ei avgjerande rolle for utviklinga.

Hardangerkonferansen 2010 hadde tittelen ”Det internasjonale Hardanger” der Hardangerrådet inviterte dåverande ordførar i Greve-i-Chianti til å fortelja om sitt arbeid og engasjement for sin by. Saman med turistsjef Alessandra Molletti var dei oppteken av Slow Food og Cittaslow, og ynskja å knyta band til regionen. I 2011 gjennomførte Hardangerrådet ved Team Hardanger prosjektet «Hardanger i Greve in Chianti». Då var småskalaprodusentar med for å servera Hardangerprodukt i Italia.

Oktober 2014 reiste ein delegasjon frå Ulvik til Greve-i-Chianti. Delegasjonen var samansett av ordførar, formannskapet, representantar frå lokalt næringsliv, og administrasjon. Ulvik blei sertifisert i Cittaslow nettverket i april 2015 og deltok på den årlege internasjonale årsmøte (General Assembly) som blei halden i byen Abbiatograsso i Italia i juni 2015. Saman med leiaren av Slow Food Hardanger møtte ordførar og administrasjon igjen ordførar i Greve-i-Chianti. Det blei avtalt besøk hjå kvarandre og vidare dialog kring å formalisere samarbeidet og vennskapsbyinnhaldet. Ein delegasjon på seks frå Greve var i Ulvik 29.september – 3. oktober for å signere. Delegasjonen besto av bl.a. ordførar Paulo Sattori, turistsjef Alessandro Molletti, kulturbyråd Lorenzo Lotti og ansvarleg for søsterbyavtaler i Greve Flavia Affortunati.

Kvifor ei venskapsavtale?

Ulvik og Greve ynskjer saman å arbeida for og betre innbyggaranes livskvalitet, auka fokus på matproduksjon og nyskaping og samstundes ivareta naturen og miljøet rundt oss.

Fordela og intensjonane med ei søsterby avtale er mange. Vennebyer verden over er eit glimrende høve til å dele av erfaringar, kulturer og forvaltnings praksiser. Dei så kalte «Gode Døme».

Samarbeidet er i tråd med Ulviks vedtak og godkjenning som Cittaslow medlem. Det er mogleg å bruka nettverket og samarbeidet slik at det gagnar dei to stadane ved å utveksla røynsler, kulturar og prosjekt.

Det viser seg at det offentlege internasjonale samarbeidet ofte er døropnarar for næringslivet. Hardanger står i mykje same situasjonen som Toscana var for 20 år sidan: fråflytting og næringstørke. Dei har teke grep som har snudd utviklinga, mellom anna ved å få nytt liv inn att i dei mange små vingardane som var til nedfalls. Dei har også heisa opp den regionale kulturen og reiselivet som eigne satsingsområde, og suksessen er stor. Toscana er Europa si vogge, seier dei der. Greve by og Chianti som område har skapt seg ny framtid gjennom t.d. felles merkevare som ”den svarte hanen”. Me har også merkevare Hardanger, og Ulvik har mange moglegheiter her.

  1. Denne vennskapsby-avtalen er ein levande samarbeidsavtale mellom dei to lokalsamfunna GREVE IN CHIANTI (Italia) og ULVIK I HARDANGER (Norge).
    Det skal vera tydelege fokusområde, strategiske målsetjingar og utvekslingar
    basert på kompetanse og røynsler. Desse skal resultera i årlege arrangement/
    utvekslingar både fysisk og i form av annan kommunikasjon gjennom andre media.
    Dette er for å sikra at avtalen er ein aktiv, positiv reiskap til lokal samfunnsutvikling
    i både Greve og Ulvik.
  2. Vennskapet har som mål å forsterka innbyggarane sin livskvalitet, auka
    medverknad og deltaking, samt forsterka internasjonal solidaritet og medvit .
    Samarbeidet skal vidare stimulera til entreprenørskap, nyskaping og utvikling,
    på same tid som me forvaltar naturen og miljøet rundt oss på berekraftig vis.
  3. Ved å formalisera eit samarbeid og vennskap innan Cittaslow-nettverket,
    vil ULVIK og GREVE aktivt bruka Cittaslow og Slow Food-rørsla som ein
    reiskap for lokal og regional utvikling, dele våre gode døme og skapa nye saman.
  4. Både Greve og Ulvik er del av ein større regionsdestinasjon. Desse regionane
    er kulturlandskap kjende for lokal produksjon og sterke kulturidentitar.
    Natur, agro-turisme, landbruk, kultur og kulturlandskapet dannar grunnlaget
    for både besøkjande og fastbuande. Denne innovative koplinga mellom gardsbruk,
    produsent og reiseliv fremjar den identiteten og dei tradisjonane me begge
    deler og som me kan bruka som utgangspunkt for å læra av kvarandre.
  5. Begge vennskapsbyane er ansvarlege for å halda kommunikasjonen og dialogen
    mellom oss aktiv og levande.

Cittaslowråd Ulvik er konstituert!

 

IMG_0230

Cittaslowrådet i Ulvik er nå konstituert! Rådet er det uavhengige  bindeleddet mellom innbyggjarane og heradet båe administrativt og politisk.  Rådet, som består av 11 medlemmar,  er bredt samansett og inkludera frivillige lag/ organisasjonar, kultur, skule, politisk representasjon, næringslivet og ungdomsrådet. Frå heradet er bygde- og næringsutviklar sekretariat og ordførar stiller.

Allereie frå fyrste møte har rådet sendt fråsegn på ynskje om å oppretta UngJobb i Ulvik; eit sommarjobb tilbod til unge, og har bestilt strategiar for båe å minske matvinn, ungdoms-/eldre utveksling og utarbeiding av sertifiserings kriterier for alle i Ulvik som vil bli godkjend Cittaslow. Dette er særs viktig for at heile heradet kan ta eigarskap til snigelen. Dette er enten man driver lokal matproduksjon, er i reiselivsnæringa, er i bygg- og anleggsbransjen, drivar kafe, frivillig lag eller er kulturinstitusjon.

Nå er sniglen på veg over vegen!, som Hauge sa.

Snigelen
– av Olav H. Hauge
Snigelen skrid yver vegen
med augo på stett
han gjev svarten
i farten
berre leidi er rett

 

 

Syse Glas

Her kan du sjå kor driftige og dyktige verksemder og einskilde aktørar vi har. Har du tips til andre som bør få omtale- send ein melding!

Syse Glas – glasblåsar med verkstad på Handelslaget i Ulvik sentrum

Då Handelslaget opna i august 2015 opna samstundes den opne verkstaden til den einaste glasblåsaren i regionen. Silje Syse er utdanna glasblåsar med allereie lang erfaring. Ho er frå Ulvik og har nå etablert seg i heimbygda med eiga verksemd som drivar med produksjon, sal og kurs tilbod. Eg spurde henne korleis oppstartinga har vore og kva som var mest overraskande etter opning:

-Eg er litt overraska, og veldig glad, for at responsen til no har vore utelukkande positiv. Eg hadde førebudd meg på ei og anna negativ tilbakemelding, men det har uteblitt.

Nå er turistsesongen på hell, korleis har det vore, og kva tenkjer du nå? 

-Turistsesongen har vore spanande. Når det har vore Cruisebåtar i bygda har Handelslaget vore fullt av turistar. Det har vore litt spesielt å vera ein turistattraksjon og ha 15 stk sitjande og stirra på meg mens eg jobbar, men eg set og stor pris på fascinasjonen for faget. Me har hatt turistblåsing to gonger, der cruiseturistar, og andre, har fått blåst sine eigne glaskuler. Det har vore veldig kjekt.

Kva kan man oppleve hjå deg?

Hjå meg kan ein sjå glasblåsing på nært hald. Om du bestiller eit glas, kan du sjå ditt eige glas verta blåst. Kvar fredag fram til jol er det fredagsblåsing på Handelslaget. Då kan kven som helst komme innom og blåse sitt eige glas. I tillegg dukkar det opp ein og annan laurdag med same tilbod. Eg held nok fram med eit liknande tilbod etter jol og. Eg kan og ta imot mindre grupper for arrangement med glasblåsing, matlaging og servering på kveldstid. Opplegget er under utvikling og me har nett testa kombinasjonen glasblåsing og scampi-grilling.

silje arbeid

Å vere grunder og bli sjølvstendig næringsdrivande krevjar mot og engasjement. Korleis tenker du nå- etter det har gått seg litt til?

-Eg har innsett at skiljet mellom naiv og modig er hårfint. Det er nok ein fordel å vera litt naiv, elles hadde eg ikkje tord å satsa. For eg har jo faktisk satsa ALT. Heldigvis har eg foreldre som er like modige(/naive) som meg og som har hjelpt meg utruleg mykje. Det er ei ubeskriveleg kjensle å arbeide i sin eigen verkstad. Eg er veldig glad for at eg gjennomførte, men det vil nok ta litt tid før det kjennes som det har gått seg skikkeleg til og at eg er i mål.

Korleis er plasseringa på Handelslaget og samarbeidet der?

-Handelslaget er ein framifrå arbeidsplass. Til no har samarbeidet vore knirkefritt og utfordringar vert takla etter kvart som dei dukkar opp. Eg trur og me vil få til eit spanande kreativt samarbeid. Mange idear har alt vore til lufting. Det er svært praktisk å ha utsal i Handelslaget som er ope sjølv om eg ikkje er på plass. Salstala frå før opning og salstala frå etter opning er svært ulike. 

Då ynskjer vi Syse Glas og Silje tillukka og oppmodar alle fjern og nær til å stikke innom å sjå på verkstaden. For meir info klikk her for å komme til Handelslagets sin FB side.

Sniglar og torgdag

Torgdagen 3. oktober 2015 var i strålande ver og god stemning. Snigel-bake-konkurranse vinnaren blei desse to vakre sniglane frå Adrian og Ine Børsheim som lagde kanelbollar i god Cittaslow ånd.

Lions Ulvik sin årlege loppemarknad trakk besøkjande frå fjernt og nært, og det var lang kø ved døra lenge før opning!

Lokaleråvarer, frukt og grønt, glasblåsing og sal på Handelslaget, bygdekvinnelagets berømte sveler og ikkje minst Fruktsleppet på alle gardane gav eit fabelaktig dag i Ulvik i Hardanger.