Cittaslowrådet i Ulvik er nå konstituert! Rådet er det uavhengige bindeleddet mellom innbyggjarane og heradet båe administrativt og politisk. Rådet, som består av 11 medlemmar, er bredt samansett og inkludera frivillige lag/ organisasjonar, kultur, skule, politisk representasjon, næringslivet og ungdomsrådet. Frå heradet er bygde- og næringsutviklar sekretariat og ordførar stiller.
Allereie frå fyrste møte har rådet sendt fråsegn på ynskje om å oppretta UngJobb i Ulvik; eit sommarjobb tilbod til unge, og har bestilt strategiar for båe å minske matvinn, ungdoms-/eldre utveksling og utarbeiding av sertifiserings kriterier for alle i Ulvik som vil bli godkjend Cittaslow. Dette er særs viktig for at heile heradet kan ta eigarskap til snigelen. Dette er enten man driver lokal matproduksjon, er i reiselivsnæringa, er i bygg- og anleggsbransjen, drivar kafe, frivillig lag eller er kulturinstitusjon.
Nå er sniglen på veg over vegen!, som Hauge sa.
Snigelen
– av Olav H. Hauge
Snigelen skrid yver vegen
med augo på stett
han gjev svarten
i farten
berre leidi er rett