Slow Food Hardanger sitt haust program:
Cittaslow Årsmøte

Årsmøte for Nordisk Cittaslow ble avholdt i Ulvik i dag der vi fikk overlevert diplom og offisielt flagg frå Italia. Delegasjonen frå Cittaslow Norden inkluderte to av dei andre kommunane i Noreg, Eidskog og Sokndal, i tillegg til Falköping i Sverige, Svendborg og Mariagerfjord i Danmark, Kristinestad i Finland og Djúpavogshreppur på Island. Ulvik er nå blitt «ordførande» for Nordisk Cittaslow nettverket for 2015/16. Dette inneberer å være sekretariat, men er også et startskot til mobiliseringa lokalt her i bygda! Trykk på denne link til artikkel i Avisa Hordaland.

Nå skal Cittaslowrådet i Ulvik opprettas. Idrottslaget, ungdomsrådet, næringslivet, landsbruksorganisajonene, kulturlivet, og politikarane skal inviterast inn til ein oppstarts-dialog om korleis denne skal organiserast.
Falköping kommune i Sverige har gjort en formidabel og beundringsverdig arbeid med sosial inkudering i Cittaslow kommunen. Sjå disse fantastiske små videoene Falkøping Kommune har laget for å vise den lokale ansvar de tar i en global verden her på denne link.
Ulvik er rik på lokal identitet stolthet og tradisjon. Det har dei siste daganes visit frå delegasjonen minnet oss om. Frå lokale produsentar og fokus på gastronomi, til eit gjenoppstått Mylna, grøn kompetanse og omfattande frivillighet og inkludering som Ulvik arbeider med, synar eit spenn av mangfold, inkludering og entrepenørskap som er gull verdt.
Vi skal løfte kvarandre. Vi skal ha eit bærekraftig utvikling der vi ivaretar dei unge, omsorg, og setter verdiskaping og det gode liv i fokus. For meir informasjon om Cittaslow, trykk på Cittaslow fanen øvst på denne sida!
Etablererkurs i Hardanger
HARDANGERRÅDET HELD KURS FOR ETABLERAREN HAUSTEN 2015
Tenkjer du på å starta di eiga verksemd? Har du allereie starta opp, men vil læra meir om mellom anna budsjett, marknadsføring og rekneskap? Då har du høve til å melda deg på kurs i Norheimsund!
*For å få hjelp til å utarbeida ein eigen forretningsplan vil det vera lønsamt å melda seg på heile kursrekkja
Prisar:
Pris grunnkurs: kr.1 200
Kurs 5 undervisningstimar: kr. 500
Kurs 3 undervisningstimar: kr. 300
Kurshaldar:
Tone Søgaard
Påmeldingsfrist:
Grunnkurs: 19. oktober
Andre kurs: 1 veke før kurset startar opp
Informasjon og påmelding:
Epost: tone@handalag.no Tlf: 915 53 338
Dato | Kurs | Tid |
24. og 25. oktober | Grunnkurs for etableraren
– kva må til ? – innføring i forretningsplanen |
10.00 – 16.00 |
1.november | Sal og marknadsføring
– innføring – arbeid med eiga bedrift |
09.00 – 12.00 |
1.november | Budsjettarbeidet
– investering – finansieringsplan – driftsbudsjett – likviditetsbudsjett |
12.15 – 17.00 |
15.november | Prising – av produkt og tenester | 09.00 – 12.00 |
15.november | Budsjettarbeid i praksis;
– arbeid og gjennomgang av eigne budsjett |
12.15 – 17.00 |
22.november | Sentrale økonomiske omgrep
Kva fortel balansen ? |
10.00 – 13.00 |
22.november | Forstå rekneskapen
Enkel rekneskapsanalyse |
13.15 – 16.00 |
KURSOMTALE:
- Grunnkurs for etablerarar, 12 undervisingstimar.
Kurset tek sikte på å vera med på å klargjera om etablering av eiga bedrift er det kursdeltakarane vil (”skal, skal ikkje”). Drøfting i høve kva føresetnader som må vera til stades og gjennomgang av forretningsplanen.
- Kurs i sal og marknadsføring, 3 undervisningstimar.
- Gjennomgang av ulike analyseverktøy, marknadsføring og salsaktivitetar, samt arbeid med eiga bedrift.
- Kurs i budsjettarbeid, 5 undervisningstimar
- Kurset tek sikte på å gje ei grunnleggande forståing av ulike budsjett og dei økonomiske omgrep som budsjettarbeid er tufta på. Det vert ei gjennomgang av investeringsbudsjett me tilhøyrande finansieringsplan, driftsbudsjett og likviditetsbudsjett.
- Prising av produkt og tenester, 3 undervisningstimar
- Kva er rett pris ? Kurset tek utgangspunkt i budsjett og kostnadskalkyler og drøftar marknad,- og konkurrentanalyser som verktøy for prissetting.
- Kurs i praktisk budsjettarbeid, 5 undervisningstimar.
Kurset føreset at deltakarane har kjennskap til økonomiske omgrep som budsjettarbeid er tufta på. Deltakarane skal gjennom kurset arbeida med eigne budsjett. Budsjettarbeida vil i etterkant verta drøfta i fellesskap, der ein fokuserer på ulike problemstillingar samt føretek ei grundig analyse av budsjetta.
- Sentrale økonomiske omgrep, kva fortel balansen? 3 undervisningstimar.
Kurset tek sikte på å gjera deltakarane kjende med, og forstå, sentrale bedriftsøkonomiske omgrep, til bruk i kostnads- og inntektsanalyser. Vidare vil kurset drøfta balansen, kva fortel den, og korleis verkar driftsresultat og andre økonomiske disponeringar inn på denne.
- Forstå rekneskapen, enkel rekneskapsanalyse, 3 undervisningstimar.
Korleis heng budsjett, rekneskap og balanse saman ? Kva fortel rekneskapen ? Korleis nyttar ein rekneskapen m/avvik for å betra budsjettarbeidet ? Kurset tek sikte på å gjera deltakarane kjende med, og kunna nytta rekneskapen som analyseverktøy.
Ope studio
Galleri 3,14 inviterte til ope studio i Ulvik fredag 4. september. Satsingen på gjestekunstnere er eit regionalt satsing og samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune, kommunane og galleriet for å få gitt utenlandske kunstnere ein spannende kunstnerisk opphold og lokalsamfunnet innsikt i korleis kunstnere arbeider og eit blikk ut i verda. Utstillinga er ope utover hausten.
Opning av Handelslaget i Ulvik
Den 14. august opna «Handelslaget» offisielt i Ulvik. Prosjektet ble realisert eit år etter initiativtakarane hjå Ulvik næringslag, Ulvik herad og huseigar bestemde seg for å realisere det gamle COOP bygget.
Dagen blei feira med taler frå varaordførar, Sparebanken Vest og næringslaget. Det ble gitt gåver og felles snorklipp for alle involverte og aktørane. Dermed er det blitt nytt liv i sentrum i Ulvik, med store opna vindauge ut mot gata. Turistinformasjonen har fått nye lyse, luftige lokalar. Ulvikatorget er fylt med lokale varer, kontorfelleskapet står klart med ledig arbeidsplass og ikkje minst kunsthåndverkerne Silje Syse og Ingvild Winthers. Sjå FB sida for oppdaterte bilete og info! Gratulerer!

